Har du lyst å jobbe som ingeniørgeolog i Statens vegvesen Region vest?
Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.
Denne artikkelen er over ti år gammel.
Firma | Statens vegvesen Region vest |
Fylke | Flere fylker |
Sted | Bergen, Leikanger eller Stavanger |
Søknadsfrist | 16.03.2014 |
I Statens vegvesen Region vest er det ledig 2 faste stillingar som ingeniørgeolog, der kontorstad vil vere Leikanger og Bergen. Det kan i tillegg vere aktuelt med tilsetting i eit 1-års vikariat som ingeniørgeolog med kontorstad Stavanger.
Stillingane er knytt til Geo- og skredseksjonen på Ressursavdelinga med arbeidsfelt over heile regionen. Seksjonen har i dag 28 medarbeidarar, derav 10 geologar. Region vest har i tillegg spesialistfunksjon innanfor skred. Ressursavdelinga er intern tenesteleverandør for Region vest. Avdelinga utfører rådgjeving, spesialistfunksjonar og tekniske tenester for dei andre avdelingane i regionen.
Geo- og skredseksjonen har ansvaret for:
Utføre geotekniske grunnundersøkingar med eigne borriggar
Utføre geologisk og geoteknisk prosjektering og rådgjeving
Geologane på seksjonen skal fungere som etaten sine spesialistar innanfor skred og skredsikring
Arbeidsoppgåver
Arbeidsområdet omfattar geologisk prosjektering, rådgjeving, kontroll og oppfølging i både plan-, bygge- og driftsfasen med følgjande oppgåver:
Delta i planlegging av veg, tunnel og rassikringsprosjekt
Oppfølging og rådgjeving i anleggsfasen
Skjæringsstabilitet og sikring for is og steinnedfall
Vurdering av rasfare og tiltak
Tilråding / tiltak ved akutte rassituasjonar på veg
Arbeid med regional rassikringsplan
Ved behov kunne delta i arbeid innan spesiallistfunksjonen for skred
Oppfølging av privat konsulent innanfor fagområdet geologi
Kvalifikasjonskrav
Utdanning frå universitet eller høgskule, på hovudfags- eller mastergradsnivå innan det aktuelle fagområdet. God relevant erfaring og ingeniørgeologisk kompetanse er ønskjeleg.
Men nyutdanna er og aktuelle til å søkje stillinga.
For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnadar for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
Gode datakunnskapar og god skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt.
Det er nødvendig med førarkort i klasse B.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den vere godkjend av NOKUT ( www.nokut.no).
Personlege eigenskapar
- Strukturert, initiativrik og produktiv
- Løysingsorientert og gode samarbeidsevner
- Evne til og motivert for å arbeide i større faggrupper
- Evne til å ta ansvar og å arbeide sjølvstendig
- Sørgje for og vere ein bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Ein god og mangfaldig arbeidsplass
Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av tydelege og trygge rammer for våre medarbeidarar. Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidarane sine rettar, og sjølv om det til tider er hektisk hos oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har mulegheit for fleksibel arbeidstid. Vi ønskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.
Vi tilbyr løn etter nærmare avtale i høve etaten sin lønnspolitikk. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot til pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
Søknad
Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje vil vi varsla søkjar om dette.
Dersom du synest dette høyrest spanande ut, søkjer du stillingane via vår jobbportal www.vegvesen.no/jobb, utlysingsnr. 3-014-14.
Spørsmål om stillingen?
Stein Olav Njøs
Telefon
57 65 58 96
Mobil
951 91 855
Vis flere stillinger: