Vi søker nye medarbeidere i Indre Sogn
Veidekke er eit av Skandinavia sine største entreprenørselskap med 6.100 tilsette og ei omsetning på 18 milliardar kroner (2011). Verksemda omfattar bygge- og anleggsoppdrag, boligutvikling, asfaltverksemd, pukk og grus samt vegvedlikehald. Våre verdiar er profesjonell, redeleg, entusiastisk og grensesprengande. Våre mål for helse, miljø og tryggleik, HMS, er likestilt med dei økonomiske måla. Veidekke er kjenneteikna av ein desentralisert organisasjonsmodell med ein sterk bedriftskultur og stor grad av medarbeidarinvolvering. Over halvparten av dei tilsette er medeigarar og har til saman 20 % av aksjane i Veidekke. Selskapet er notert på Oslo Børs, og har sidan starten i 1936 aldri gått med underskot.Veidekke Entreprenør AS Distrikt Sogn og Fjordane har nær 80 tilsette, og har avdelingskontor i Sogndal, på Sandane og i Volda. I 2011 hadde vi ei omsetning på 180 millionar kroner.
Denne artikkelen er over ti år gammel.
Firma | Veidekke Entreprenør AS |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Sted | Sogndal |
Søknadsfrist | 14.12.2012 |
Til vår byggverksemd i Indre Sogn søker vi:
Prosjektingeniørar og formenn
til spennande og varierte oppgåver i samband med prosjekt. Vi ynskjer at du er ingeniør, eller at du har solid handverksbakgrunn, erfaring frå tilsvarande stilling og gjerne teknisk fagskule.
Fagarbeidarar
med fagbrev i betong/forskaling.
Link elektronisk søknad:
http://www.finn.no/finn/job/fulltime/object?finnkode=38651171
Spørsmål?
Christine Aagård Midthjell
HR-leder
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Veidekke Entreprenør AS,Sogndal
- Fylke Sogn og Fjordane