Tømrere Nordfjord

Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 41 milliardar kroner, og nær halvparten av dei 8 000 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.

Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bolig, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 14,9 milliardar (2024), og verksemda har ca 2 900 tilsette, der 1 600 er fagarbeidarar og 1 300 funksjonærar.

Fakta om stillingen:

Firma: Veidekke Bygg

Fylke: Vestland

Sted: Sandane

Søknadsfrist: 20.02.2026

Veidekke Bygg Sogn og Fjordane har behov for fleire tømrarar i Nordfjord. Akkurat no bygger vi Skram skule i Måløy i Kinn kommune, og prosjektet går fram til sommaren 2027.

Vi ser etter deg som er strukturert, sjølvgåande og likar å levere god kvalitet og service i arbeidet ditt. Og ikkje minst har stå-på-vilje og godt humør. Du har fagbrev i tømrarfaget og lyst til å vere med å vidareutvikle vårt distrikt innan våre satsingsområde bolig, næring, skule og offentlege bygg.

Som tømrar har du ansvar for framdrift og produksjon med laget ditt. Du sørger for god flyt i produksjonen og har ei involverande arbeidsform. Veidekke er leiande i bruk av digitale verktøy på byggeplass, og du vil bli ein del av eit involverande, innovativt og framtidsretta arbeidsmiljø der BIM er ein del av vår kvardag.

I distriktet jobber vi vanlegvis 4- eller 5-dagers veke, og i nokre tilfeller i rotasjonsordningar. Dersom du er mobil og ynskjer å vekependle så er det høve til det, men vi ynskjer fortrinnsvis at du er busett i vårt distrikt.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan tømrarfaget (anna relevant erfaring/kompetanse kan bli vurdert – vi tilset også vaksenlærlingar)

  • Snakkar norsk, svensk eller dansk

Profil

  • Engasjert

  • Kvalitetsbevisst

  • Interessert i ny teknologi og digitalisering

  • Høgt fokus på HMS

Vi tilbyr:

  • Fast jobb i eit uformelt og godt arbeidsmiljø hos ein trygg og seriøs arbeidsgivar

  • Fri mobiltelefon

  • Personleg verktøypakke

  • Gode lønnsvilkår og ordningar for forsikring og pensjon

  • Framtidsretta arbeidsmetodar, gode utviklingsmulegheiter og digitale løysingar

Vi har eit bredt spekter av kurs og opplæring hjå oss. Gjennom vår ordning for aksjekjøp får du høve til å eige aksjar i eiga bedrift saman med kollegaene dine. I dag eig om lag halvparten av dei tilsette i Veidekke 10 % av aksjane i selskapet, noko som er ganske unikt for store selskap i Norge.

Kontaktpersonar:

  • Simon Pedersen Garshol, anleggsleder, tlf 480 23 702
  • Kristian Kleppe, avdelingsleder, tlf 951 99 675

SØK STILLING

Powered by Labrador CMS