Betongarbeidere Sogn
Er du strukturert, sjølvgåande og likar å levere god kvalitet og service i arbeidet ditt? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Veidekke Bygg Sogn og Fjordane søker dyktige betongarbeidarar til våre prosjekt i Sogn. Akkurat no skal vi i gong med Jamnane transformatorstasjon i Fortun. Vi har også nye spennande prosjekt på blokka framover.
Vi ser etter deg som er strukturert, sjølvgåande og likar å levere god kvalitet og service i arbeidet ditt. Og ikkje minst har stå-på-vilje og godt humør. Du har fagbrev eller ynskjer å ta eit fagbrev, og ynskjer å ta del i vår vidare utvikling i distriktet innan satsingsområda private næringsbygg, bustader, offentlege formålsbygg og anleggsrelaterte prosjekt.
Som betongarbeidar har du ansvar for framdrift og produksjon med laget ditt. Du sørger for god flyt i produksjonen og har ein involverende arbeidsform. Veidekke er leiande i bruk av digitale verktøy på byggeplass, og du vil bli ein del av eit involverande, innovativt og framtidsretta arbeidsmiljø der BIM er ein del av vår kvardag.
I distriktet jobber vi vanlegvis 4- eller 5-dagers veke, og i nokre tilfeller i rotasjonsordningar. Dersom du er mobil og ynskjer å vekependle så er det høve til det, men vi ynskjer fortrinnsvis at du er busett i vårt distrikt.
Kvalifikasjonar
• Fagbrev innan betongfaget
• eller anna relevant erfaring/kompetanse – vi tilset også voksenlærlingar
• Snakkar norsk, svensk eller dansk
Profil
• Engasjert og motivert for å gjere ein god jobb
• Kvalitetsbevisst
• Interessert i ny teknologi og digitalisering
• Har høgt fokus på HMS
Vi tilbyr
• Fast jobb i eit uformelt og godt arbeidsmiljø hos ein trygg og seriøs arbeidsgjevar
• Gode lønnsvilkår og ordningar for forsikring og pensjon
• Fri mobiltelefon
• Personleg verktøypakke
• Framtidsretta arbeidsmetoder, gode utviklingsmulegheiter og digitale løysingar
Søk gjerne i dag - vi behandler søknadane fortløpande.
Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar og gode mulegheiter for kurs og opplæring hos oss. Gjennom vår ordning for aksjekjøp får du høve til å eige aksjar i eigen bedrift saman med dine kolleger. I dag eig omlag halvparten av tilsette i Veidekke 10 % av aksjane i selskapet, noko som er ganske unikt for store selskap i Norge.
Har du spørsmål eller vil vite meir om stillingane? Vi tek gjerne ein prat med deg.
Knut Bukve, avdelingsleiar Sogndal, tlf 907 65 458.
Om arbeidsgivaren:
Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 43 milliardar kroner, og nær halvparten av dei 7 800 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.
Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bolig, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 15,3 milliardar (2025), og verksemda har ca 2 800 tilsette, der 1 550 er fagarbeidarar og 1 250 funksjonærar.