Betongarbeidarar

Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag NOK 43 milliardar, og halvparten av dei 8 000 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot. Stillinga inngår i Veidekke Bygg, som driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Vierksemda bygger bistader, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 16,2 milliardar (2023), og verksemda har ca. 2 800 tilsette, der 1 600 er fagarbeidarar og 1 200 er funksjonærar.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Firma Veidekke Bygg
Fylke Vestland
Sted Sogndal
Søknadsfrist 05.08.2024

Er du strukturert, sjølvgåande og likar å levere god kvalitet i arbeidet ditt?

Veidekke Bygg Sogn og Fjordane søker dyktige betongarbeidarar til våre prosjekt i Sogn. Vi ser etter deg som anten har fagbrev i betongfaget, eller som har interesse for faget og ynskjer å ta eit fagbrev. Vi søker både nyutdanna og deg med nokre år erfaring frå bransjen, som ynskjer å ta del i vår vidare utvikling i distriktet.

Som betongarbeidar har du ansvar for framdrift og produksjon med laget ditt. Du sørger for god flyt i produksjonen og har ein involverende arbeidsform. Veidekke er leiande i bruk av digitale verktøy på byggeplass, og du vil bli ein del av eit involverande, innovativt og framtidsretta arbeidsmiljø der BIM er ein del av vår kvardag.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan betongfaget eller interesse for faget og eit ynskje om å ta fagbrev
  • Snakkar norsk, svensk eller dansk

Profil

Vi ynskjer at du er strukturert, sjølvgåande og likar å levere god kvalitet og service i arbeidet ditt. Og ikkje minst har stå-på-vilje og godt humør. Du har fagbrev i betongfaget, eller interesse for faget og ynskjer å ta eit fagbrev. Du er:

  • Engasjert
  • Kvalitetsbevisst
  • Interessert i ny teknologi og digitalisering
  • Har høgt fokus på HMS

Vi tilbyr

  • Fast jobb i eit uformelt og godt arbeidsmiljø hos ein trygg og seriøs arbeidsgjevar
  • Gode lønnsvilkår og ordningar for forsikring og pensjon
  • Framtidsretta arbeidsmetoder, gode utviklingsmulegheiter og digitale løysingar

Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar og gode mulegheiter for kurs og opplæring hos oss. Gjennom vår ordning for aksjekjøp får du høve til å eige aksjar i eigen bedrift saman med dine kolleger. I dag eig omlag halvparten av tilsette i Veidekke 15 % av aksjane i selskapet, noko som er ganske unikt for store selskap i Norge.

Kontakt

Svein Even Dale

913 00 429

Søk stilling

Vis flere stillinger:

Powered by Labrador CMS