Landskapsarkitekt

Ingen vet nøyaktig hvordan fremtiden blir. Én ting er likevel sikkert: Vi møter den best med engasjement og nysgjerrighet, og vi må fortsette å spille hverandre gode. Sweco er for alle som vil forme fremtidens byer og samfunn.

Firma Sweco Norge
Fylke Telemark
Sted Seljord
Søknadsfrist 30.06.2024

Stillinger (135)

Bruk kunnskapen din til å gjere samfunnet betre! Me i Sweco leitar no etter ein erfaren landskapsarkitekt som kan styrke fagmiljøet vårt i Telemark.

Her får du høve til å arbeide med utfordrande prosjekt frå første dag, saman med engasjerte kollegaer. Sjølv om du alt har mykje kunnskap, veit me at du òg ønskjer å utvikle deg. I Sweco er det heldigvis forventa at me utviklar oss fagleg heile tida, så førebu deg på bratte læringskurver.

Landskapsarkitektane i Telemark er ei gruppe med 3 dedikerte rådgjevarar. Me arbeider med landskapsarkitektur innanfor eit breitt spekter av oppgåver – alt frå analysar og overordna stadutvikling til detaljert formgjeving og prosjektering. Du vil kunne arbeide i ulike prosjekttypar, som infrastruktur-, bygg- eller energiprosjekt. Me legg til rette for at dei tilsette skal lykkast med arbeidsprestasjonane og karrierevala sine. Hos oss ønskjer du å gjera ein skilnad og du vil utvikle deg.

I Sweco har me eit sterkt fagmiljø med over 70 landskapsarkitektar i heile Noreg som me arbeider tett med.

Dette er deg:

  • Du har ein mastergrad i landskapsarkitektur.
  • Du har solid erfaring frå landskapsarkitekturfaget generelt og gjerne erfaring med konsekvensutgreiingar, eller god erfaring med 3D-modellereing.
  • Du har 5 års erfaring eller meir frå arbeidsstader som rådgjevande ingeniør, entreprenør, offentleg forvalting eller andre relevante verksemder.
  • Du har gode kunnskapar med relevant programvare (Autocad Civil 3D, Revit, Adobepakka m.m.).
  • Du har evne til å forstå landskap på tvers av prosjekttypar og plannivå.
  • Du er god til å kommunisere og til å bygge relasjonar.
  • Du trivst med å samarbeide, gjerne med folk som tenkjer annleis.
  • Du er ein god kollega som bidreg til at me heile tida utviklar oss vidare saman.
  • Du har forretningssans og trivs med kundekontakt

Dette er jobben:

  • Ha fagansvar innanfor landskapsfaget i ulike typar prosjekt av ulik storleik, både einfaglege og tverrfaglege.
  • Bidra i alle typar prosjekt som medarbeidar, fagansvarleg eller prosjektleiar.
  • Konseptutvikling innan landskapsforming.
  • Detaljprosjektering og skildringar.
  • Sørge for god kommunikasjon internt, og med kundar og samarbeidspartar i prosjekta.

Me lovar at:

  • Du kjem til å utvikle deg i utfordrande prosjekt som har stor betydning for samfunnet.
  • Du får konkurransedyktig løn og fordelar.
  • Du blir ein del av eit sterkt, tverrfagleg og godt fag- og arbeidsmiljø.
  • Du blir teke godt vare på og får jamleg oppfølging slik at du lykkast med karriereval og arbeidsprestasjonar.

Du vil bli ein del av region Vestfold og Telemark. Totalt vil du få meir enn 150 kollegaer på kontorstadene Porsgrunn, Seljord, Notodden og Sandefjord. Gruppene i regionen har høg ekspertise og spisskompetanse innan arealplanlegging, prosessleiing, landskapsarkitektur, utgreiingar og analysar, søknadsprosessar, industri og prosjektleiing.

Regionen har eit knallbra arbeidsmiljø på alle dei fire kontorstadene, med stort engasjement for det faglege og sosiale. Me har eit aktivt og levande bedriftslag, eit humorlag som arrangerer turar og sosiale arrangement på tvers av organisasjonen, og ikkje minst eit fagmiljø i verdsklasse.

Kontakt:

Ta kontakt med Magnhild Ek Brynilsen, gruppeleiar Seljord på tlf. 47313130.

Søk stilling

Vis flere stillinger:

Powered by Labrador CMS