
Gruppeleiar VA-prosess, plan og LARK, Vestfold og Telemark
Ingen vet nøyaktig hvordan fremtiden blir. Én ting er likevel sikkert: Vi møter den best med engasjement og nysgjerrighet, og vi må fortsette å spille hverandre gode. Sweco er for alle som vil forme fremtidens byer og samfunn.
Vi er stolte av at spisskompetansen som vi har i Sweco aldri har vore meiretterspurt enn no. Sweco er i sterk vekst og ikkje minst er våre fagmiljø i rivandeutvikling. No søkjer vi ein leiar som ivrar etter å gjere ein forskjell i arbeidet medå finne berekraftige og framtidsretta løysingar for både offentlege og privatebyggeprosjekt.
I over 100 år har Sweco spelt ei sentral rolle i å fornye og moderniseresamfunnsutviklinga gjennom banebrytande ingeniørarbeid, og som gruppeleiarvil du bli ein premissgivar for å bygge framtidas samfunn i Vestfold ogTelemark. Gruppa du kjem til å leie og utvikle består i dag av fagsterkespesialistar med vekstambisjonar og grøne vyar for framtida. Saman med eitfleirfagleg rådgjevingsmiljø løyser gruppa utfordringar innan arealplanlegging,landskapsarkitektur, ulike former for konsekvensutgreiingar, samt prosjekteringog drift av vass- og avløpsanlegg. Gruppa jobbar i alle fasar av prosjekta forbåde private og offentlege kundar. Med deg i spissen ligg forholda til rette for åposisjonere oss som regionens mest etterspurde rådgivarar innan fagfeltet.
Som gruppeleiar gir vi deg rom til å dyrke ideane dine og setje prosjekta dine uti live, både i form av fagleg utvikling og marknadsarbeid – vi elskar nemlegleiarar som tar initiativ og viser ansvar. Som person er du ein trygg og samlandeleiar som er oppteken av å få til ting saman med andre. Du må framstå somtrygg, støttande og oppmuntrande, også når det går trått. For å lykkast i stillingabør du vere nysgjerrig på å identifisere og utnytte kommersielle moglegheiter.Ein av dine viktigaste arbeidsoppgåver vil vere å sikre interessante og lønsameoppdrag til gruppa.
Vi lovar deg ein spanande meny av arbeidsoppgåver:
- Bidra til å gjennomføre målsettingar i eit triveleg og trygt arbeidsmiljø, vere«limet» i gruppa og syte for høg arbeidsglede/trivsel på jobb.
- Ha overordna ansvar for oppfølging av gruppas leveransar og interneøkonomi.
- Jobbe systematisk for å motivere og leggje til rette for utvikling av fagtungemedarbeidarar.
- Jobbe aktivt mot marknaden for å etablere kontaktar og skaffe fleire kundar.
- Skape lønsam vekst både gjennom tilsettingar og auka oppdragsmengde.
Vi tenkjer at du har følgjande kvalifikasjonar:
- Relevant høgare utdanning.
- 5 års erfaring frå relevant bransje, fortrinnsvis også praktisk leiarerfaring.
- Prosjektleiarerfaring.
- Kan vise til målbare resultat frå tidlegare arbeidsgivarar.
- Eit breitt kontaktfelt i bransjen og erfaring med å gjere deg synleg i relevantefora.
På våre kontor i Vestfold og Telemark garanterer vi deg eit engasjerande ogutviklande arbeidsmiljø. Vi har eit aktivt og levande bedriftsidrettslag, eithumorlag som arrangerer utflukter og sosiale tilstellingar på tvers avorganisasjonen, og ikkje minst eit fagmiljø i verdsklasse. Vidare tilbyr vi konkurransedyktige vilkår, svært gode forsikringsordningar, solid pensjonssparing og ei sikker og påliteleg stilling i ei av Europas leiandeingeniørverksemder.
Har du spørsmål eller ynskjer ein uforpliktande prat om stillinga kan du kontakteavdelingsleiar Magnhild Ek Brynilsen på tlf. 47313130.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Sted: Porsgrunn, Seljord, Notodden eller Sandefjord