Teknisk saksbehandler innen arbeidsvarsling

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med ca. 7000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Denne artikkelen er over fem år gammel

Firma Statens vegvesen Region vest
Fylke Rogaland
Sted Stavanger
Søknadsfrist 04.03.2018

Stillinger (135)

Ledig stilling som teknisk saksbehandlar innan gravesøknadar og arbeidsvarsling

I Statens vegvesen Region vest, er det ledig ei stilling som teknisk saksbehandlar på Vegseksjon drift og vedlikehald Stavanger. Stillinga inngår i byggherrepoolen i regionen, men vil for tida vere knytt til vegseksjonen i Stavanger.

Arbeidsoppgåver

  • Behandling av arbeidsvarslingsplanar
  • Behandling av gravesøknader
  • Delta på befaring, før og etter, omsøkt arbeid

Kvalifikasjonskrav

Teknisk høgskule eller fagbrev innan relevante fagfelt.

Norsk er arbeidsspråket i Statens vegvesen. Du må kunne ordleggje deg skriftleg og munnleg på norsk, slik at du kan utføra arbeidsoppgåvene sjølvstendig.

Stillinga føreset at du har førarkort klasse B.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi legg vekt på

  • Erfaring frå regelverk og forskrifter innan relevante fagfelt
  • Erfaring frå liknande arbeid/bransjeerfaring
  • Erfaring med bruk av elektronisk verktøy til oppfølging og rapportering
  • Erfaring frå saksbehandling
  • Gode kommunikasjonsevne
  • Evne til gode og rasjonelle vurderingar
  • Evne til strukturert og systematisk problemløysing

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman.

Du påverkar samfunnsutviklinga og du får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidsdagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskular og gode muligheiter for fagleg påfyll
  • Bedriftshytter/bedriftsidrettslag

Løn avtalast nærare i samsvar med vår lønnspolitikk.

Søknad

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakta seksjonsleier Eivind Stangeland tlf. 51911416/ 91889149.

Søk stilling

Vis flere stillinger:

Powered by Labrador CMS