Faglaborant

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Denne artikkelen er over fem år gammel

Firma Statens vegvesen Region vest
Fylke Rogaland
Sted Stavanger
Søknadsfrist 06.08.2017

Stillinger (135)

I Statens vegvesen Region vest har vi ledig 80 % stilling som faglaborant innan fagfeltet steinmaterialar og asfalt.

Ei av seksjonen sine hovudoppgåver er å bidra prosjekta i regionen med kontroll av utføring og kvalitet på materiala som vert nytta til vegbygging. Vi utfører felt- og laboratorieundersøkingar innan fagområda betong, steinmateriale, asfalt og geoteknikk.

Seksjonen har to nye sertifiserte analyselaboratorium, eitt i Bergen og eitt i Stavanger og har i dag 16 medarbeidarar fordelt på desse kontora.

Du kan få oppgåver innan fleire av fagområdane, men hovudmengda vil være på fagfeltet asfalt og steinmaterialar. Stillinga er knytt til Lab- og Vegteknologiseksjonen på Ressursavdelinga i Region vest.

Arbeidsoppgåver på laboratoriet og ute på veg

  • asfaltanalyser på laboratoriet
  • ekstrasjon av asfalt , bindemiddelinnhald , korngradering
  • steinmaterialar analyser på Laboratoriet
  • Micro Deval, Los Angels , korngradering, sikteanalyse
  • kontrolloppgåver ute på felt, utføre prøvetaking og visuell kontroll
  • kontroll av dokumentasjon, reseptar og rapportere resultat
  • følgje opp kvalitetssystem og HMS-arbeid
  • delta i fagmøter

Dette er ein jobb for deg som liker å jobbe ute i friluft og inne i laboratoriet.

Kvalifikasjonskrav

  • Stillinga krev at du har fagbrev som faglaborant eller ingeniør i fagfelt kjemi.
  • Det er ynskjeleg at du har relevante erfaring frå laboratoriearbeid innan asfalt og steinmateriale og geoteknikk analyser. Kjennskap til vårt laboratorieprogram Labsys vil være en fordel.
  • God førestellingsevne, både skriftleg og munnleg
  • Gode IT kunnskapar
  • Førarkort klasse B og ønskelig BE
  • Personleg egnethet vil blir vektlagt.
  • Det må påreknast ein del reiseverksemd, då arbeidsoppgåvene vil vera i heile regionen.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT ( www.nokut.no).

Vi vektlegg

  • evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig
  • gode kommunikasjonsevner
  • nøyaktig, strukturert og leveranseorientert
  • god samarbeidsevne og tverrfagleg interesse
  • at du aktivt er med å skape et triveleg og godt arbeidsmiljø

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du er med på å påverke samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontaktpersonar:
Iris Hackelberg
mob: +47 97799423

Søk her

Vis flere stillinger:

Powered by Labrador CMS