Prosjektsjef

Veidekke er en av Skandinavias største entreprenører. Selskapet utfører alle typer bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeholder veier og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjennetegner virksomheten. Omsetningen er om lag NOK 39 milliarder, og halvparten av de 8 000 medarbeiderne eier aksjer i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har siden starten i 1936 alltid gått med overskudd. Stillingen inngår i Veidekke Bygg, som driver landsdekkende byggevirksomhet for private og offentlige kunder. Virksomheten bygger boliger, yrkesbygg, skoler og andre offentlige bygg. Årlig omsetning er NOK 13,3 milliarder (2022), og virksomheten har ca. 3 100 ansatte, hvorav 1 800 fagarbeidere og 1 300 funksjonærer.

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Firma Veidekke Bygg
Fylke Møre og Romsdal
Sted Volda
Søknadsfrist 09.05.2023

Stillinger (135)

Vil du starte arbeidsdagen med spennande utfordringar i lag med gode kollegaer og avslutte dagen ved fjorden eller på topptur?

I «studiebygda» Volda er alt mogeleg - frå tare til topp! Veidekke Bygg Sogn og Fjordane har spennande prosjekt både i drift og under utvikling. Vi har behov for meir kapasitet for å realisere prosjekt og søker difor etter prosjektsjef i Volda. Dette er ei spennande stilling for deg som ynskjer å utvikle din leiarprofil og ha eit overordna prosjekteigaransvar for eigen prosjektportefølge. Prosjektsjef er ein sentral ressurs og vil ha ei aktiv rolle saman med avdelingsleiar og andre leiarar på same nivå. Stillinga krev tydeleg leiing med eit positivt menneskesyn som evner å ha eit eigaransvar for prosjekt frå fyrste kundekontakt til ferdig overlevert prosjekt. Vi søker deg som tenker nytt og er genuint engasjert i berekraft i ein marknad i stadig endring. Ein prosjektsjef har økonomi- og personalansvar og resultatansvar. Det siste inneber å vere med å «skaffe dei rette prosjekta» og følge opp alle våre kundar. Du må og følge tett opp både HMS, kvalitet, framdrift og resultat.

Kven er vi?

Veidekke Bygg distrikt Sogn og Fjordane som inkluderer søre Sunnmøre er fordelt med totalt ca. 75 tilsette funksjonærar og fagarbeidarar. Våre satsingsområde er større samspels/samhandlingsprosjekt og entrepriser innan bustad i blokk, næring og kontor, offentlege bygg, større industriprosjekt, samt anleggsjobbar som kraftverk og dammar. Vi har faste kontor i Volda, Førde, Sogndal og på Sandane. Denne stillinga har kontorstad i moderne lokale i Volda.

Volda-området byr på fantastiske friluftsopplevingar rett utanfor stoveglaset. Den varierte sunnmørsnaturen med både fjord og fjell legg til rette for eit rikt friluftsliv for heile familien. Nokre av landet sine flottaste toppturar både sommar og vinter ligg i Sunnmørsalpane - berre ein kort køyretur unna.

Ansvarsområder

Veidekke sin prosjektmodell legg føringar for di rolle. Som prosjektsjef får du eit breidt utviklingsansvar for prosjektteam. Som erfaren og dreven i faget vil du løfte og leie våre unge nyutdanna talent. Du får ansvaret for resultat- og måloppnåing i ulike byggeprosjekt, og vil tidvis fungere som leiar og fagleg støtte for leiarar som har det daglege ansvaret for prosjektgjennomføring. I tillegg til overordna ansvar for prosjekt har du ansvaret for å skape gode relasjonar med nye og eksisterande kundar, myndigheiter og andre samarbeidspartnarar. Vi ynskjer og at du bistår i alle faser for utvalte prioriterte prosjekt - frå å skaffe prosjekt til ferdigstilling/overlevering. Dette er ei rolle der du får høve til å utfordre og utvikle oss med dine idéar og innspel.

Kvalifikasjonar

  • Relevant bachelor-/mastergrad
  • Erfaring som leiar frå entreprenør eller tilsvarande relevant bransje
  • God økonomi - og forretningsforståing

Du er:

  • Resultatorientert og strategisk – du set utfordrande mål og jobbar hardt for å nå dei.
  • Ein tydeleg leiar og trygg på kommunikasjon.
  • Positiv sjølv i vanskelege situasjoner, og har pågangsmot.
  • Engasjert innan forbetringsarbeid, berekraft og vår eigenproduksjon.
  • Teamorientert og har gode samarbeidsevner
  • Positiv, serviceinnstilt og trivst med utadretta kontakt

Kvifor oss?

Du får jobbe med spennande prosjekt saman med kunnskapsrike kollegaer i eit sterkt fagleg miljø. Vi ynskjer å vere ein organisasjon der alle blir sett, med stor fridom og høve for involvering og utvikling der kontinuerleg forbetring står øvst på agendaen. Du får ansvar og tillit og møter alle våre spennande kundar. Du vil inngå i ein organisasjon med godt humør og stå-på-vilje med god blanding av unge og erfarne innan ulike fagfelt. Og so meiner vi det er viktig å ha det kjekt på jobb!

Du får konkurransedyktige vilkår som bonusordning, kursprogram i faglege nettverksgrupper, tilgong til bedriftshytter, kunstforeining og ulike sosiale arrangement. Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar, og du vil saman med alle andre kollegaer få høve til eigarskap i Veidekke gjennom aksjekjøpsordninga vår.

Kontakt

Rune Eikrem

913 40 509

Søk stilling

Vis flere stillinger:

Powered by Labrador CMS