Prosjektleiar, delprosjekt - Stad skipstunnel

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.

Denne artikkelen er over tre år gammel.

Firma Kystverket
Fylke Møre og Romsdal
Sted Ålesund
Søknadsfrist 17.01.2022

Stillinger (135)

Vil du være med å skape historie? Kystverket skal bygge verdas aller første fullskala skipstunnel i Stad kommune. Skipstunnelen inneber etablering av ei gjennomgåande farlei i beskytta indre farvatn, og er eit viktig farleisprosjekt for kystgåande skipsfart på vestlandskysten. Prosjektet er unikt i verdssamanheng, og er eit prestisjeprosjekt som har stor merksemd nasjonalt og internasjonalt. Bygginga av skipstunnelen er i ein del av landet som er heilt unik, og som byr på eit mangfald av moglegheiter.

Er du nysgjerrig på prosjektet, og kva området har å by på? Sjå også www.kystverket.no/pss

Vi søker no delprosjektleiar for Stad skipstunnel.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvarleg for å følge opp delprosjekta og leveransar i Stad Skipstunnel prosjektet. Det vere seg maritme installasjonar og andre delprosjekter i prosjektperioden
  • Sikre ein leveranseretta, løsningsorientert og proaktiv arbeidskultur på tvers av interne og eksterne prosjekt og interessentar
  • Framdrift og budsjettansvar for delprosjekta
  • Ansvar for planlegging og gjennomføring av delprosjekta, herunder framdrift, økonomi, kvalitet og HMS
  • Risiko- og usikkerheitsstyring
  • Stillinga rapporter til prosjektleiar
  • Andre oppgåver kan tillegast

Noko reising må påreknast. Arbeidsstad for stillinga vil til å byrje med i utgangspunktet vere i Ålesund. Under prosjektet sin gjennomføringsfase vil kontorstad i utgangspunktet vere på prosjektkontoret ved anlegget.

Kvalifikasjonar

  • Minimum treårig høgare utdanning. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå aktuelle fagområder kan kravet til utdanning reduserast
  • Minimum fem års relevant prosjektleiarerfaring frå planlegging og gjennomføring av større bygge- og anleggsprosjekt
  • Det er ein fordel med kjennskap til dokumentstyringssystemet Interaxo og arkivsystemet Elements
  • God IKT forståing
  • Evna å arbeide sjølvstendig samt ha gode samarbeidseigenskapar
  • God munnleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig med evne til å ta nødvendig leiarskap
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar tilleggast stor vekt
  • Høg arbeidskapasitet og stor gjennomføringsevne
  • Resultatorientert og ein pådrivar for prosjektet si framdrift

Som tilsett skal du kunne identifisere deg med våre verdiar, som er framtidsretta, engasjert og påliteleg.

Vi tilbyr

  • Ei svært spanande stilling, som gir moglegheit til å vere med på å skrive eit kapittel i sjøfartsnasjonen Noreg si historie
  • Deltaking i eit kjerneteam med dyktige og dedikerte personar
  • Medverknad i å fremme eit prosjekt som aukar sikkerheita og framkomstar for sjøtransporten
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Løn etter avtale

Les meir om Stad skipstunnel her: https://www.kystverket.no/sjovegen/stad-skipstunnel/

Anna

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Derfor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Får vi kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor desse gruppene, må søkarane oppfylle visse krav.

Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Søkarar som oppfyller krava og ønsker å bli vurdert på spesielt grunnlag, må krysse av for dette i jobbportalen Webcruiter. Avkrysningane i jobbsøkarportalen vil også danne grunnlag for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar om i sine årsrapportar.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det.

Kontaktperson

Terje Skjeppestad

Prosjektleiar

Telefon 922 12 109

Søk stilling

Vis flere stillinger:

Powered by Labrador CMS