Driftsingeniør/driftsleder

Statsbygg er en av Norges største byggherrer og eiendomsforvaltere, og gir råd til staten i bygge- og eiendomssaker. På vegne av staten leder vi noen av landets største og mest komplekse byggeprosjekter og tar vare på noen av våre aller viktigste eiendommer. Statsbygg skal tenke og handle langsiktig, og derfor har vi satt oss ambisiøse mål. Vi skal være en virksomhet som ser dagens og framtidens behov hos de som bruker bygningene våre, og vi satser spesielt på bærekraft, seriøsitet og innovasjon.

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Firma Statsbygg
Fylke Møre og Romsdal
Sted Ålesund, Molde
Søknadsfrist 21.05.2023

Stillinger (135)

Vil du bidra inn i drift og vedlikehald av nokon av dei mest spennande eigedommane på Nord-Vestlandet?

Statsbygg ser etter fleire dyktige medarbeidarar som skal bidra til arbeidet vårt innan teknologi, klima, miljø og digitalisering. Kandidatar med god kombinasjon av praktisk og akademisk bakgrunn vil vere aktuelle. Nyutdanna ingeniørar blir oppfordra til å søke.

Vi har no ledige stillingar ved driftskontoret vårt i Ålesund og ved driftskontoret vårt i Molde. Stillingane gir sjanse til å arbeide med driftssystem og andre tverrfaglege driftsoppgåver på eigedommar som NTNU Ålesund, Ålesund Fengsel og andre eigedommar i Statsbygg sin portefølje i Ålesund. Høgskolen i Molde, Hustad Fengsel og andre i porteføljen i Vestnes, Molde, Hustadvika og Kristiansund.

Medarbeidarane våre skal vere gode relasjonsbyggarar overfor leigetakarane og leverandørane våre. Vi skal sjå til at alle arbeidsoppgåver blir løyste. Vi søker derfor etter deg som er allsidig, har genuin interesse for eigedomsdrift og evnar å yte god service i ein aktiv arbeidsdag. Den enkelte medarbeidar i driftsorganisasjonen har godt handlingsrom for å løyse oppgåver innanfor sitt ansvarsfelt/fagfelt. Stillingane rapporterer til underdirektør for den aktuelle eigedomsporteføljen.

Vi ønsker endå fleire kvinner til å arbeide med drift og vedlikehald i Statsbygg, og oppfordrar derfor kvinner til å søkje. Ønsker du å ta del i kanskje Noregs største driftsmiljø med gode kollegaer? Då bør du søke no.

Les meir om Statsbygg: www.statsbygg.no

Arbeidsoppgaver

  • Bidra aktivt til at Statsbygg når måla sine innanfor miljø, ENØK og digitalisering av eigedomsdrift
  • Delta i tverrfagleg samarbeid og bidra med fagkunnskap overfor interne og eksterne aktørar
  • Dagleg oppfølging av leigetakarar, leverandørar og andre som har interesser i eigedommane
  • Bestilling og oppfølging av rammeavtalar og serviceavtalar, og i tillegg fakturabehandling

Kvalifikasjoner

  • Fagbrev innan relevante fag som for eksempel elektro, automasjon, byggfag eller byggdrift. Gjerne utdanning på bachelornivå / teknisk fagskole, men dette er ikkje eit krav
  • Innsikt i moderne drift og forvaltning av eigedom
  • Gode ferdigheiter og erfaring med dagleg bruk av IKT-baserte system er nødvendig
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, skriftleg og munnleg
  • Fordel med erfaring frå innkjøp av varer og tenester / offentlege anskaffingar
  • Fordel med førarkort klasse B

Personlige egenskaper

  • Målretta, strukturert og løysingsorientert
  • Evne til å skape gode relasjonar og samarbeid både internt og eksternt, trivst med å arbeide i team
  • Evne til å vere fleksibel og raskt tilpasse seg endringar
  • Opptatt av å tileigne seg og dele ny kunnskap
  • Å vere personleg eigna for stillinga vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Som ein av dei mest profesjonelle eigedomsforvaltarane og prosjektgjennomførarane i Noreg, tilbyr vi utfordrande og fagleg krevjande arbeidsoppgåver
  • Spennande oppgåver i eit dynamisk og tverrfagleg miljø med høgt tempo og godt humør. Det er i Statsbygg gode utsikter til fagleg og personleg utvikling gjennom Statsbygg Kompetanse og stipendordningar
  • Fleksitid, støtteordningar for trening
  • Stilling som driftsingeniør krev bachelorgrad eller teknisk fagskole og blir lønt frå kr 550 000,- til kr 680 000,- pr år, avhengig av kvalifikasjonar
  • Stilling som driftsleiar krev fagbrev og blir lønt frå 520.000,- til 620.000,- pr år, avhengig av kvalifikasjonar
  • For spesielt godt kvalifiserte kandidatar kan ein vurdere høgare løn
  • Gjennom Statens pensjonskasse får du ei god pensjons- og forsikringsordning, og tilbod om bustadlån til gunstig rente

Kontaktinformasjon

Ola Vegard Sæter

underdirektør

Telefon:975 52 712

Jan Robby Nilsen

underdirektør

Telefon:901 30 917

Ragnhild Bjerkeset

Driftsleder

Telefon:482 59 641

Vi mener at inkludering og mangfold er en styrke. Vi ønsker medarbeidere med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiver for å bidra til enda bedre oppgaveløsning. Vi vil tilrettelegge for medarbeidere som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel være tekniske hjelpemidler, tilpasning av møbler eller endring av rutiner, arbeidsoppgaver og arbeidstid. Les mer om inkludering og mangfold her

Etter søknadsfristens utløp vil det bli utarbeidet offentlig søkerliste. Søkere kan bli oppført på søkerlisten selv om vedkommende har anmodet om konfidensiell behandling. Søkere vil i så fall bli varslet før offentliggjøring.

Søk stilling

Vis flere stillinger:

Powered by Labrador CMS