Driftsingeniør/driftsleder

Statsbygg er en av Norges største byggherrer og eiendomsforvaltere, og gir råd til staten i bygge- og eiendomssaker. På vegne av staten leder vi noen av landets største og mest komplekse byggeprosjekter og tar vare på noen av våre aller viktigste eiendommer. Statsbygg skal tenke og handle langsiktig, og derfor har vi satt oss ambisiøse mål. Vi skal være en virksomhet som ser dagens og framtidens behov hos de som bruker bygningene våre, og vi satser spesielt på bærekraft, seriøsitet og innovasjon.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Firma Statsbygg
Fylke Møre og Romsdal
Sted Volda
Søknadsfrist 29.11.2022

Stillinger (135)

Er du vår nye tilretteleggjar for teknologi og tradisjon gjennom berekraftig eigedomsdrift?

Statsbygg søker no driftsingeniør/driftsleiar.

Statsbygg er staten sin sentrale rådgjevar i byggje- og eigedomssaker, byggherre, eigedomsforvaltar og eigedomsutviklar, og har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald med over 2300 bygningar i Noreg og utlandet i porteføljen.

Vi har no ei ledig stilling som driftsingeniør/driftsleiar i Volda. Stillinga tilhøyrer avdeling for drift og vedlikehald, og skal sørge for berekraftig effektiv drift, og verdibevarande vedlikehald av eigedomane til Statsbygg. Stillinga har base ved Høgskulen i Volda, men omfattar oppfølging av bygningar, tekniske anlegg og utomhus areal på alle eigedomane våre i Volda og Ørsta. Eigedomane består i dag av Høgskulen i Volda, Ørsta trafikkstasjon og Møre og Romsdal tingrett (Volda). Stillinga inngår i DVteam 1 Møre og Romsdal, som har oppfølgingsansvar for 15 eigedomar i fylket.

Bygningane våre er i stadig utvikling, noko som gjev ein variert arbeidskvardag og moglegheita til å følgje prosjekt frå start til slutt. Som driftsmedarbeidar i Statsbygg bidreg du aktivt til at vi når måla våre innanfor m.a. miljø, ENØK og digitalisering av eigedomsdrift. Vi er opptekne av kunnskapsdeling, og du vil delta i tverrfaglege samarbeid og bidra med fagkunnskap overfor interne og eksterne aktørar. Til denne stillinga ser vi etter ein person som er oppteken av effektivitet og optimalisering, men også har evne til å motta og avslutte pålagde oppgåver.

Statsbygg ønskjer å auke kvinneandelen innan drift og vedlikehald. Kvinner blir difor oppfordra til å søkje. Stillinga rapporterer til underdirektør for teamet, som sit på lokalkontoret i Trondheim.

Arbeidsoppgåver

  • Aktivt bidra til at Statsbygg når dei måla som er sette innanfor ulike satsingsområde, for eksempel miljø, universell utforming, FDV, og ENØK
  • Sørge for rasjonell og berekraftig drift og vedlikehald av eigedomane
  • Oppfølging av ombyggings- og vedlikehaldsprosjekt
  • Utarbeide og setje seg inn i statusoversiktar og tilstandsanalysar for eigedomane, innanfor drift og vedlikehald
  • Bestille og følgje opp eksterne leveransar i høve til forskrift om offentleg anskaffing
  • Bidra til god kundebehandling og godt samarbeid mellom leigetakar og Statsbygg o Andre oppgåver i team-området kan bli lagde til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på bachelornivå eller teknisk fagskole er ønskeleg, men fagbrev innan relevante fag som for eksempel elektro, automasjon, byggfag eller byggdrift vil også bli vurdert
  • Forståing for moderne drift og forvaltning av eigedom
  • Gode ferdigheiter og erfaring med dagleg bruk av IKT-baserte system og utstyr er nødvendig
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, skriftleg og munnleg
  • Fordel med erfaring frå innkjøp av varer og tenester/offentlege anskaffingar
  • Fordel med førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Målretta, strukturert og løysingsorientert
  • Evne til å skape gode relasjonar og samarbeid internt og eksternt, trivst med å arbeide i team
  • Evne til å vere fleksibel og raskt tilpasse seg endringar
  • Oppteken av å tileigne seg og dele ny kunnskap

Vi tilbyr

  • Hyggeleg arbeidsmiljø med tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
  • Faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
  • Arbeidstøy og mobiltelefonordning
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar, som for eksempel støtteordning for trening
  • Løn etter Statens lønnsregulativ frå kr 500 000,- til kr 625 000,- pr. år, avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt godt kvalifiserte søkarar kan ein vurdere høgare løn.
  • Stilling som driftsingeniør krev bachelorgrad eller teknisk fagskole, medan stilling som driftsleiar krev fagbrev og 5 års relevant erfaring.
  • Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Statens Pensjonskasse tilbyr ei av dei beste pensjons- og forsikringsordningane i Noreg

Kontaktinformasjon

Ola Vegard Sæter

underdirektør

975 52 712

Vi mener at inkludering og mangfold er en styrke. Vi ønsker medarbeidere med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiver for å bidra til enda bedre oppgaveløsning. Vi vil tilrettelegge for medarbeidere som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel være tekniske hjelpemidler, tilpasning av møbler eller endring av rutiner, arbeidsoppgaver og arbeidstid. Les mer om inkludering og mangfold her

Etter søknadsfristens utløp vil det bli utarbeidet offentlig søkerliste. Søkere kan bli oppført på søkerlisten selv om vedkommende har anmodet om konfidensiell behandling. Søkere vil i så fall bli varslet før offentliggjøring.

Søk stilling

Vis flere stillinger:

Powered by Labrador CMS