Anleggsleiar/anleggsformann

K.A. Aurstad AS er eit maskinentreprenørfirma som byggjer infrastruktur, t.d. vegar og tunnelar, kraftanlegg, flyplassar og kommunaltekniske anlegg. Selskapet vart etablert i 1985 og har om lag 200 tilsette. Marknadsområdet vårt er i dag Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Oppland, Hordaland, Sør-Trøndelag og Nordland.

Denne artikkelen er over fem år gammel

Firma K. A. Aurstad
Fylke Møre og Romsdal
Sted Hovdebygda
Søknadsfrist 23.02.2018

Stillinger (135)

Vi er i stadig utvikling og treng fleire dyktige medarbeidarar til å utføre våre oppdrag og søker difor etter anleggsleiar/anleggsformann.

Arbeidsoppgåver anleggsleiar:

  • Leie tildelte prosjekt med vekt på følgande:
  • Ansvar for planlegging/organisering, drift, bemanning og underentreprenørar
  • Ansvar for HMS og kvalitet
  • Ansvar for kontraktsoppfølging og avvikshandtering
  • Ansvar for innkjøp og oppfølging av leveransar
  • Ansvar for økonomi og rapportering
  • Delta i anbods- og tilbodsprosessar ved behov

Arbeidsoppgåver anleggsformann:

Ansvar i nært samarbeid med anleggs- og prosjektleiar med vekt på følgande:

  • Leie det daglege arbeidet ute i felt i samsvar med kontrakt og planar, gjennomføre lagsmøte
  • Sørge for at nødvendig arbeidsgrunnlag er til stades
  • Bemanningsplanlegging og innrapportering av personell
  • Sørge for at personell, maskiner og utstyr er godkjente etter gjeldande krav og at dokumentert opplæring/typeopplæring er gjennomført
  • Mottakskontroll av varer
  • Gjennomgang av timelister og attestasjon

Vi ser etter deg som har/er:

  • Relevant utdanning og arbeidserfaring
  • Gode IT- kunnskapar
  • Gode ferdigheiter i norsk, skriftleg og munnleg
  • Fokus på kvalitet, HMS og økonomi
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Lag- og relasjonsbyggar
  • Påliteleg, ansvarsbevisst og nøyaktig
  • Initiativrik og handlekraftig
  • Analytisk og resultatorientert

Vi tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø
  • Innovativ arbeidsplass, får vere med på å skape
  • Konkurransedyktige løns- og pensjonsordningar
  • AFP-bedrift

Vil du vere med på laget? Hugs å registrere søknad og CV i cv-databasen vår på nettsida, http://www.aurstad.no/cv/

Søknadsfrist : 23. februar 2018

Dersom du har spørsmål, ta kontakt med personalsjef Jan Reite, tlf. 958 34 300.

Vis flere stillinger:

Powered by Labrador CMS