Anleggsleiar

Veidekke er en av Skandinavias største entreprenører. Selskapet utfører alle typer bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeholder veier og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjennetegner virksomheten. Omsetningen er om lag NOK 39 milliarder, og halvparten av de 8 000 medarbeiderne eier aksjer i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har siden starten i 1936 alltid gått med overskudd. Stillingen inngår i Veidekke Bygg, som driver landsdekkende byggevirksomhet for private og offentlige kunder. Virksomheten bygger boliger, yrkesbygg, skoler og andre offentlige bygg. Årlig omsetning er NOK 13,3 milliarder (2022), og virksomheten har ca. 3 100 ansatte, hvorav 1 800 fagarbeidere og 1 300 funksjonærer.

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Firma Veidekke Bygg
Fylke Møre og Romsdal
Sted Volda
Søknadsfrist 09.05.2023

Stillinger (135)

Vi ynskjer oss ein anleggsleiar med yrkesstoltheit og kremmarånd!

Veidekke Bygg Sogn og Fjordane søker anleggsleiar til prosjekt på søre Sunnmøre. Kontorstad er Volda, og prosjekta våre er i Volda og øvrige kommunar på søre Sunnmøre.

Ein anleggsleiar i Veidekke leier den daglege drifta på prosjekta våre, og deltek i tilbodsarbeid og prosjektutvikling. Du vil jobbe i team saman med dyktige kollegaer i Veidekke, samt kundar, leverandørar, underentreprenørar og rådgjevarar. Vi ynskjer oss ein dyktig anleggsleiar som kjenner stolthet i kroppen etter kvart som prosjekt blir ferdigstilt og kan takast i bruk av fornøgde kunder. Veidekke lever av og for prosjekt – gjer du?

Kvifor skal du velje Veidekke?

Samarbeid, involvering og kontinuerleg forbetring er kjerneområder i utviklinga vår. Lange tradisjonar som både produksjonsbedrift og kundeorientert prosjektutviklar vert knytt saman med høgt fokus på miljø, digitalisering og bruk av nye verktøy og prosessar.

Kvar dag løyser vi oppgåver som er ulike dei vi løyste i går, og då treng vi folk med ulik bakgrunn som kan sjå løysingar på nye og spennande måtar. I Veidekke er vi opptekne av mangfold og inkludering, og er du kvalifisert for jobben så håper vi du søkjer – uansett kven du er. Sjå fleire gode grunnar her: Kvifor jobbe i Veidekke?

Arbeidsoppgåver

Ein anleggsleiar i Veidekke har ansvar for å planlegge og skape god og sikker drift på prosjektet, og vil ha det overordna ansvaret for at alt fungerer som det skal. Det er ditt ansvar å sørge for at prosjektet vert drive etter avtalt framdrift, og at produksjonen går etter planen. Dette betyr at du må ha god styring på planlegging, økonomi, kontrakt, bemanning, HMS og kvalitetsarbeid i prosjektet. Anleggsleiar har leiaransvaret for våre medarbeidarar på prosjektet. Difor må du og fungere godt som personalleiar. Du vil få styre alt frå mindre jobbar til store og kompliserte prosjekt, og planlegginga set store krav til deg som anleggsleiar.

Kvalifikasjonar

Vi ser helst at du har utdanning som ingeniør eller sivilingeniør innan byggfaget, og erfaring frå entreprenør. Fagbrev og/eller teknisk fagskule innan byggfag i kombinasjon med lang erfaring kan kompensere for utdanning. Har du i tillegg erfaring med økonomistyring og kalkulasjon av prosjekt, og resultat- og leiaransvar i større byggeprosjekt vil det telle mykje.

Profil

Det er viktig at du er initiativrik og handlekraftig – i Veidekke får du ansvar om du tek ansvar. Gode idéar, godt samspel og involvering er sentralt hjå oss. Du er oppteken av gode økonomiske resultat og kvalitet i gjennomføringa av prosjekt, og kremmarånd og yrkesstoltheit er viktige eigenskapar vi ser etter. Helse, arbeidsmiljø og sikkerheit er ein sjølvsagt del av arbeidskvardagen din – vi tek ikkje snarvegar.
Du forstår verdien i å byggje gode relasjonar til både kundar, leverandørar og medarbeidarar. Då vil byggjeprosessen gå betre, og det blir ei glede å overlevere prosjektet til kunden. Som leiar forstår du at den beste måten å løyse problem på er i samarbeid med andre. Du har mange gode idear og løysingar, men dei blir endå betre når du involverer andre i prosessen.

Kva kan vi tilby deg?

I Veidekke blir du ein del av ei bedrift som er uformell i omgangstonen og som har eit positivt arbeidsmiljø. Vi gjennomfører mange ulike prosjekt kvart år, noko som gjer at du vil få gode høve til å ta i bruk kompetansen din i varierte prosjekt. Du blir ein del av eit team som både har det kjekt på jobb og har høg prestasjonsevne.

Vi tilbyr deg personleg og individuell utvikling gjennom heile karriera di. I medarbeidersamtalar og gjennom arbeid med mål blir du og leiaren din samde om kva du treng å utvikle. Dette inkluderer læring og utvikling gjennom blant anna arbeidserfaring, deltaking i rolletilpassa utviklingsløp og fagspesifikk opplæring.
Vi er eit stort skandinavisk selskap med gode mulegheiter for å tre inn i andre roller etter behov. I Veidekke har vi gode pensjons- og forsikringsordningar, og du vil saman med alle andre kolleger få høve til å eige eiga bedrift. I dag eig tilsette ca 15 % av verdiane i selskapet, og det er ganske unikt blant store selskap i Norge.

Kontakt

Rune Eikrem

913 40 509

Søk stilling

Vis flere stillinger:

Powered by Labrador CMS