Dagleg Leiar

Jordalen Entreprenør AS er eit maskinentreprenørfirma med 20 tilsette. Verksemda vart starta i 1988. Me har solid økonomi og god ordrereserve. Hovudsetet vårt er i Liahagen på Voss. Det naturlege marknadsområdet vårt er Hordaland og Sogn. Me har brei anleggskompetanse, og ein god maskinpark. Dei fleste oppdraga våre har me innan utføring av kommunaltekniske anlegg , og arbeid i tilknyting til vassdragsreguleringar og jernbanevedlikehald.

Denne artikkelen er over ti år gammel.

Firma Jordalen Entreprenør AS
Fylke Hordaland
Søknadsfrist 30 juni 2011

Stillinger (135)

Vår daglege leiar ynskjer å pensjonere seg frå vinteren 2012, og me søkjer etter han sin etterfylgjar.

I tillegg til dagleg leiing av verksemda, inneber stillinga også ansvaret for HMS- og KS- arbeidet.

Kvalifikasjoner

•Utdaning som ingeniør eller sivilingeniør innan Bygg/Anlegg.

•Røynsle frå anleggsbransjen

•Gode leiareigenskaper

Me tilbyr

•Ein spanande og utfordrande jobb i eit typisk anleggsmiljø der kvardagen er hektisk, men medarbeidarane motiverte og hardtarbeidande.

•Løn og andre tilsetjingsvilkår etter avtale.

Nærare opplysningar kan du få hjå dagleg leiar Knut Bakketun, tlf 56520900 / 90956540, eller styreleiar John Jordalen , tlf 56520903 / 95172588

Me ynskjer søknad med CV innan 30.06.11 til:

Jordalen Entreprenør AS

Postboks 199,

5701 Voss

evt : post@jordalen.no

Vis flere stillinger:

Powered by Labrador CMS