Tømrar og betongarbeidar Nordfjord
Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 43 milliardar kroner, og halvparten av dei 8 000 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.
Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bustader, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 16,2 milliardar (2023), og verksemda har omlag 2 800 tilsette, der 1 600 er fagarbeidarar og 1 200 funksjonærar.
Er du strukturert, sjølvgåande og likar å levere god kvalitet i arbeidet ditt?
Veidekke Bygg Sogn og Fjordane søker dyktige tømrarar og betongarbeidarar til våre prosjekt i Nordfjord. Vi ser etter deg som har fagbrev i betong- eller tømrarfaget, eller deg som har nokre års erfaring. Vi søker deg som ynskjer å ta del i vår vidare utvikling i distriktet! Vi har avdelingskontor på Sandane, men vi har prosjekt i heile Nordfjord.
Har du ikkje fagbrev, har lite erfaring, men har interesse for faga og ynskjer å ta eit fagbrev? Hos oss kan du ta fagbrev gjennom jobben.
Som tømrar og betongarbeidar har du ansvar for framdrift og produksjon med laget ditt. Du sørger for god flyt i produksjonen og har ein involverende arbeidsform. Veidekke er leiande i bruk av digitale verktøy på byggeplass, og du vil bli ein del av eit involverande, innovativt og framtidsretta arbeidsmiljø der BIM er ein del av vår kvardag.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan tømmer- eller betongfaget. Relevant erfaring kan kompensere for fagbrev
- Snakkar norsk, svensk eller dansk
Profil
Vi ynskjer at du er strukturert, sjølvgåande og likar å levere god kvalitet og service i arbeidet ditt. Og ikkje minst har stå-på-vilje og godt humør. Du er:
- Engasjert
- Kvalitetsbevisst
- Interessert i ny teknologi og digitalisering
- Oppteken av og har høgt fokus på HMS
Vi tilbyr
- Fast jobb i eit uformelt og godt arbeidsmiljø hos ein trygg og seriøs arbeidsgjevar
- Tilrettelegging for å kunne ta fagbrev på jobb for søkarar utan fomalkompetanse
- Gode lønnsvilkår og ordningar for forsikring og pensjon
- Framtidsretta arbeidsmetoder, gode utviklingsmulegheiter og digitale løysingar
Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar og gode mulegheiter for kurs og opplæring hos oss. Gjennom vår ordning for aksjekjøp får du høve til å eige aksjar i eigen bedrift saman med dine kolleger. I dag eig omlag halvparten av tilsette i Veidekke 15 % av aksjane i selskapet, noko som er ganske unikt for store selskap i Norge.
Kontakt
Kristian Kleppe
951 99 675