Norconsult Sogn og Fjordane søkjer sivilingeniør/ingeniør VEG

Norconsult er eit leiande nordisk rådgjevarselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekt i privat og offentleg sektor, innan infrastruktur, energi og industri, bygg, eigedom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vikvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 500 medarbeidarar fordelt på over 140 kontor i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfagleg kompetanse med det å vere lokalt tilstades. (Tall pr. fjerde kvartal 2024).

For Norconsult er det ein grunnleggjande føresetnad at alle menneske er likeverdige. Målet er at medarbeidarane våre skal ha dei same moglegheitene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av kven dei er eller korleis dei identifiserer seg. Eit breiare spekter av perspektiv er til hjelp for oss for å forstå alle deler av samfunnet, utfordrar oss i oppdraga våre og fører til høgare grad av innovasjon. Vi ønskjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.

Fakta om stillingen:

Firma: Norconsult

Fylke: Vestland

Sted: Førde, Gaupne, Nordfjordeid, Sandane, Sogndal og Årdal

Søknadsfrist: 25.03.2025

Norconsult har eit av Norges fremste fagmiljø innan veg og gate, med brei erfaring og spisskompetanse innan vegar og gater av alle slag. Digitalisering og berekraft står sterkt i oppdraga våre, og nokon av oppdraga er i verdenstoppen innan heildigitale leveransar.

Vi har solid kompetanse innan linjeføring, vegteknologi, skilt, trafikk/signal, trafikktryggleik, kostnadsestimering, berekraft og digitalisering.

Vårt veg- og gatemiljø har kompetanse innan alle planfasar, frå mindre moglegheitsstudiar, skisseprosjekt og forprosjekt, til store og komplekse byggeplanar inkludert oppfølging i byggetida. Vi gjennomfører også små og store totalentreprisar i samarbeid med entreprenørar. 

I Sogn og Fjordane er det ikkje langt mellom utfordrande og interessante vegprosjekt, der vi bidreg med våre idéar og kompetanse i alt frå rassikringsprosjekt til utvikling av by- og tettstadmiljø. Våre medarbeidarar innan samferdsel bidreg også på store regionale og nasjonale prosjekt både på vestlandet og elles i landet.

Norconsult Sogn og Fjordane har 6 dyktige VEG-ingeniørar som saman med medarbeidarar innan plan, VA, konstruksjon, geofag og landskap jobbar tett i tverrfaglege team med planlegging – og prosjektering av ulike typar samferdselsanlegg. I Norconsult jobbar vi mykje på tvers av fag og geografi for å utnytte kompetanse og ressursar. Avhengig av bakgrunn og erfaring vil du kunne jobbe på store tverrfaglege samferdselsprosjekt, men også i mindre, lokale oppdrag.

I Sogn og Fjordane har Norconsult kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Gaupne, Lærdal, Flekke, Sandane og på Nordfjordeid med over 90 medarbeidarar totalt. Lokalt utfører vi tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, akustikk, brann, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen. Vi har store og små oppdrag for både offentlege og private byggherrar. Vi arbeider i alle prosjektfasar – frå tidleg planleggingsfase til detaljprosjektering og oppfølging i byggje- og anleggsfasen.

Vi søkjer etter motivert og dyktig ingeniør/sivilingeniør, fortrinnsvis med noko erfaring innan VEG-prosjektering, gjerne frå rådgjevarbransjen. Både erfarne og nyutdanna kan søkje på stillinga. Vi ønskjer primært tilsetting ved Førde-kontoret vårt, men andre kontorstadar i Sogn og Fjordane kan også vere aktuelle.

Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Sjå korleis vi gjer kvardagen betre - kvar dag: Hver dag forbedrer vi hverdagen - Sesongpromo og med eigen episode frå Sogndal: Hver dag forbedrer vi hverdagen i Sogndal

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Planlegging og prosjektering av veg- og gateanlegg i både einfaglege og tverrfaglege oppdrag; både på byggeplan og reguleringsplannivå

  • Prosjekt- og prosjekteringsleiing, fag- og disiplinansvar i tverrfaglege oppdrag

  • 3D-visualiseringer og innsynsmodellar, BIM

  • Utarbeide anbodsdokument, tekniske spesifikasjonar, faseplanar, anleggsgjennomføring og kostnadsoverslag

  • Oppfølging på byggeplass, ev. byggeleiing

  • Bidra innan marknadsføring og sal

For oss er det viktig at du:

  • Har MSc eller BSc innan relevant fagområde

  • Har stor interesse og fagleg kunnskap om fagområdet

  • Har erfaring med prosjekteringsverktøy som AutoCad med NovaPoint, innsynsverktøy, 3D-modellering/BIM

  • Erfaring med teknisk beskrivelse og bruk av G-prog; prosesskoden og NS3420

  • Gjerne har erfaring frå anlegg/byggeplass (entreprenør- eller byggherreorganisasjon)

  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar

  • Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling med interesse for smarte digitale og berekraftige løysingar

  • Er fleksibel og ansvarsbevisst

  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk

Hjå oss får du:

  • Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver innan fag og prosjektleiing der du har moglegheit til å utvikle deg sjølv og kollegaene dine

  • Spennande moglegheiter for kompetanseheving og karriereutvikling innan marknad, fag, linje og oppdrag

  • Moglegheit til å bidra i selskapet si utvikling innan berekraft, digitalisering og samarbeid

  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi

  • Interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement/turar, firmahytter, mm.

  • Gode lønns- og arbeidsvilkår

  • Gode aksjeprogram for eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift

  • Fadderordning og kompetanseutviklingsplan

  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)

  • Fleksibel arbeidstid

  • Fri heile jule- og påskeveka

Innsending av søknad: Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Ta gjerne kontakt med Tone Kvåle, mobil: 95 80 75 09, epost: tone.myklebust.kvale@norconsult.com for ein uforpliktande prat!

Søk her

Powered by Labrador CMS