Byggesaksbehandler

Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS er eit rådgjevande ingeniørkontor med 11 tilsette og kontor i Fjord’n Senter i Eikelandsosen i Fusa. Firmaet vart etablert i 1988.

Hovudoppgåvene er utarbeiding av reguleringsplanar, utarbeiding av byggjesaker, planlegging og prosjektering av kommunaltekniske anlegg, prosjektleiing og taksering i sentrale deler av Hordaland. Me har for tida masse oppdrag i Bergen med omengskommunane samt Voss, Kvinnherad og Tysnes. I eit firma av vår storleik er det ønskeleg at ein har brei kompetanse og interesse for å arbeida med ulike oppgåver og fagfelt.

Fakta om stillingen:

Firma: Byggadministrasjon Harald Bjørndal

Fylke: Vestland

Sted: Eikelandsosen / hjemmekontor

Søknadsfrist: 28.02.2025

Byggjesaksbehandlar

Innan fagfeltet opplever vi ein auke av ulike typar byggesøknader både for nye bustadar, garasjar og tilbygg, ulike tekniske anlegg samt større bustadprosjekter. Me søkjer derfor etter ein person som har kompetanse og interesser innan fagfeltet og som kan styrkja vår organisasjon. Juridisk kompetanse og god skriftleg evne til formulering vil vere eit føremon. Arbeidsstad vil vere i Eikelandsosen, med stor fleksibilitet for heimekontor. 

Arbeidsoppgåver:

  • Ha rolla som ansvarleg søkjar og utarbeide byggjesøknader for prosjekt innan både bygg og anlegg
  • Utarbeide erklæringar andre avtaletekstar i samband med byggjesaker og andre prosjekt
  • Søknad om frådeling, seksjonering

Kontaktperson:

Andrè Bjørndal

Daglig leder

Mobil: 95 04 21 04

SØK HER

Powered by Labrador CMS